Våre lagspelarar 
 
 
  
 
  
 

buy antidepressant

buy amitriptyline

accutane without side effects

accutane without side effects

accutane without side effects

accutane without birth control

tamoxifen uk side effects

tamoxifen uk pct blog.icuracao.net tamoxifen

accutane without insurance

buy accutane europe
Flo Aktiv 2020 er avlyst!

Etter nøye vurderingar har leiargruppa i Flo Aktiv tatt ei endeleg avgjerdsle om at årets utgåve av Aktivitetsveka dessverre må utgå. Vi har venta i det lengste, men hensynet til situasjonen rundt Korona-viruset og smittevern må kome i fyrste rekke. Vi beklager dette, men vurderer det som vanskeleg å gjennomføre eit slikt arrangement innanfor noverande smittevernsreglar og meiner difor at dette er ei riktig beslutning å ta. 

Alle som har betalt inn deltakaravgift vil bli kontakta for refusjon av innbetalinga.

Dersom situasjonen tilseier det vil vi halde mulighetane opne for eit alternativt tilbod seinare i år, dette vil vi då eventuelt kome tilbake til. 

Vi håpar uansett at vi sjåast på Flo Aktiv 2021 - ta godt vare på kvarandre og følg smittevernsråda frå myndighetene!































Flo Aktiv 2020!

Mange arrangement vert avlyst rundt om kring i heile landet for å hindre spreiing av korona-viruset, og vi får spørsmål om kva som skjer med Flo Aktiv 2020? Det er fortsatt ei stund til juni og vi er  i gang med planlegginga av aktivitetsveka med håp om at den kan gjennomførast som vanleg i veke 26!

Linken for påmelding er derfor open og du kan velge mellom aktivitetane Fotball, Byggemoro, Dans og Scenekunst. Påmeldingslinken finn du heilt øverst til venstre på sida. 

Vi tek sjølvsagt forbehold om at situasjonen rundt Korona-viruset kan medføre at Flo Aktiv 2020 kan bli avlyst, men lovar at dersom det vert opna opp for gjennomføring skal vi være klar med ei ny topp aktivitetsveke også i år!

Vi vil halde dykk oppdaterte framover med arbeidet vårt, så bruk gjerne linken og meld dykk på. Det vil bli utferda faktura ved påmelding men vi ber om at de avventer innbetaling til nærmare informasjon om dette kjem.

Ta godt vare på kvarandre! 





Her er laginndeling og kampoppsett til turneringa fredag:

Laginndeling 2019

Kampoppsett 2019


Aktivitetsplanen for Flo Aktiv 2019 er no klar!

Trykk på linken under så kjem du direkte til aktivitetsplanen:

Aktivitetsplan 2019

I år startar veka måndag morgon og alle deltakarar møter kl 09.00 måndag 24.juni på Stryn Stadion. Då blir det innsjekk og utdeling av utstyrspakke, deretter går deltakarane til dei ulike aktivitetane i lag med instruktørar og medhjelparar. 

Resten av veka er det også oppmøte på Stadion kl 09.00 for registrering før aktivitetane startar. 

Onsdag har vi ein spesiell overraskelse til deltakarane på Byggemoro, då skal nemlig heile gruppa ein tur i Stryn sin nyopna klatrepark, Hydlaparken!

Fredag avsluttar vi veka med turnering for dei som er med på fotball. Deretter blir det framsyning frå deltakarane på Scenekunst og Dans i Kulturhuset kl 17.00 før vi avsluttar Aktivitetsveka med grilling og Kretsligakamp frå kl 17.30!

Vi gleder oss!





I år vil Scenekunst på Flo Aktiv bli arrangert av Fryd teaterlag. Fryd teaterlag har fått med ein særs dyktig instruktørtrio. Sandra Solheim Eide, Torstein Tvinnereim og Annette Lunde. 

Annette vil også vere med som instruktør på dans.

Dersom du ynskjer å melde deg på Scenekunst eller Dans under Flo Aktiv kan du fortsatt gjere det via Påmeldings-linken øverst på sida her. Påmelding til Byggemoro er stoppa inntil vidare, her er eit begrensa antall plassar og vi har no nådd dette antallet.

Sandra og Torstein er med i år også!

Det er no kun ein månad til Flo Aktivitetsveke 2019 skal starte, og påmeldingane er godt i gong!

Både Sandra Solheim Eide og Torstein Tvinnereim blir med oss som instruktørar på Scenekunst også i år, og begge gleder seg stort til å treffe årets deltakarar!

Sandra har drive  aktivt med teater i fleire år allereie og har gått 3 år på dramalinja på Firda og 1 år på Solbakken folkehøgskule. Ho er no ferdig med år to av i alt 3 år på den statlege Teaterhøgskulen i Trøndelag.
I desember 2017 kunne ho også motta Ungdommen sitt kulturstipend i Stryn kommune.



Torstein er også godt kjent blant Flo Aktiv deltakarane, og han har hatt ansvaret for Scenekunst i ei årrekke no. Han har brei erfaring frå ulike typar framsyningar, både revy, musika