Severin og Jelena har invitert vener til sommarfest på Røneset. Planen er å kose seg med maten dei greier å fiske, eller dykke etter sjølv. Og Jelena trener til hjortejakta som ho skal vere med på for første gong. Severin har budd i over ti år på eit veglaust nes, og kombinerer einebuarliv med jobb på fiskeoppdrettsanlegg, og kjæraste i Ålesund.